Stryningen tapte 60 000 kroner til svindlarar på Finn.no. Økokrim står makteslause mot utanlandske aktørar.– Eg kjenner meg jo litt dum, seier mannen frå Stryn.Difor vil han heller ikkje ha namnet sitt på trykk, men han fortel villig historia om den billige gravemaskina som kosta han så dyrt.For når ein handlar på nettet er det vanskeleg å vite om seljaren har heilt reint mjøl i posen.