Åtvarar mot svindel

Det kunne ha kosta Fjelberg Kraftlag 100.000 kroner viss ikkje dagleg leiar hadde hatt antennene ute.

Dagleg leiar Geir Atle Vangsnes i Fjelberg Kraftlag meiner verksemda vart utsett for svindelforsøk frå selskapet Firmaposten.no – eit svensk selskap som på tvilsamt vis får kundar til å signera ein kontrakt det ikkje er gjort avtale om.